Solsnu frå Kinn

I samband med finalen i Bryggeribråk kom det fram at det i år kjem eit nytt juleøl frå Kinn. Her finn du litt meir informasjon om dette.

Solsnu frå Kinn

«Dette trur eg er fyrste norske bière de garde», seier Espen Lothe og etter det vi kjenner til stemmer dette, men vi kjenner og våre lesarar godt nok til å veta at dei gjev oss klar beskjed om dei veit noko anna. Sjølve ølet vert beskrive som eit brygg med nedtona gjæringskarakter og god balanse mellom malt og humle. Maltsortane som har vore nytta er pilsner, munich, cara og carafa special. Humlinga er gjort med Hallertau Northern Brewer og Mittelfrûh. Kinn har nytta «Trappist High Gravity», som er den dei vanlegvis nyttar i sine belgiske øl, men her er gjæringa gjort på 18 grader Celsius. Dette gjer at Solsnu berre har antydning til det typiske belgiske preget vi er vande med. Dermed kjem og råvarene meir gjennom i smak og lukt. Dei som har smaka beskriv ølet som godt eigna som matøl til kalkun, lutefisk, klippfisk og truleg også til rakfisk.

Kinn-Solsnu-bakside

«Solsnu» er ein del av Vinmonopolets juleølslepp i november.

Skriv en kommentar