0,33 fra Kinn

0,33 fra Kinn

Kinn har bestemt seg for at enkelte av deira øl i framtida skal komma i mindre flasker. 0,33 er den valde størrelsen. Det er sjølvsagd dei sterkaste øla som skal over på denne flaskestørrelsen og vi som frå tid til anna tar ei flaske Kinn medan kona drikk noko anna klagar ikkje. Det kan rett og slett vera passe drøyt med 0,75 liter øl med solid alkoholstyrke.

Svarthumle, som var ein del av januarsleppet til Vinmonopolet er allereie tilgjengeleg i denne størrelsen. Bøvelen, Svarekunst, Ivar Aasen, Tomasmesse og antakeleg kjem andre sterke øl etter kvart, men ikkje før ein ser ein ende på det som er på lager hjå bryggeriet og Vectura.

Svarthumle (6,5%) er verd nokre ord utover at den kjem på 0,33 flasker. Dette er, som ein kan ane av namnet, ei mørk kraftig humla øl. Ei sokalla svart india-øl, eller Black IPA som enkelte og omtalar det. Dette er bryggeriet si første øl i denne stilen. Namnet er ikkje bare godt beskrivande for ølet. Svarthumle er og ein stad i Flora kommune, mellom Førde og Florø. Espen Lothe er klar på at europeisk humle passar best til mørke øl, medan dei amerikanske går godt saman med lys malt. Derfor har han vald East Kent Goldings som einaste humle i Svarthumle. Dei som føl nøye med på kva Kinn driv på med vil gjerne hevda at dette ikkje er den første i denne stilen fordi dei laga ei svart india-øl for Grünerløkka Brygghus, som vart kalla Løkka Vinter. Vi kan røpa at dette er den same øla. Den einaste endringa er at det då vart bruka Northern Brewer som humle. Løkka Vinter gjekk og under namnet Løkka Svarthumle.

Vis 4 kommentarer

  1. Og vi som tar en flaske Kinn når Gubben drikker noe annet klager heller ikke 😉

  2. Akkurat Svarthumle kunne de like godt hatt på 0,75. Er ganske lettdrikkelig . Men hvorfor ga de ikke heller ut Voodoo?! Den er langt bedre, og har dessuten den kuleste etiketten av alle Kinn sine øl >:)

    1. Dette stiller jeg meg 100 prosent bak.

      1. Glemte 😉

Det er stengt for kommentarer til denne artikkelen.