To nye frå Ægir på plass i butikkane

Det visar klart i butikkane sine hyller at kjeden byrjar å få opp augo for variasjonane i ølvera, og frå mars av har det vore mogleg å plukka med seg eit par nye øl frå Ægir Bryggeri.

To nye frå Ægir på plass i butikkane

Vetlebror

Vetle tyder som dei fleste veit vesle eller lille. Dette er dermed eit namn som passar godt på en session IPA, eller butikk IPA om du vil. Dette er ein stil Evan Lewis tidlegare var skeptisk til. No har han funne at det meste av smaken frå IPA og eit lågare alkoholinnhald passar godt, både som variasjon og på det meir praktiske plan. Vetlebror har ein temmeleg forskjelleg humleprofil frå bryggjeriet sin India Pale Ale. Det er Galaxy som er den drivande humla i ølet, medan Galena er bruka for bitring. Vetlebror skal passe godt til sterk mat som indisk og godt krydra taco.

Naglfare

Snorre Sturlason skriv om Naglfare i fyrste del av Den Eldre Edda. Han skal ha vore ektemannen til Natt. Ølet Naglfare er ein Nut Brown Ale. Namnet på stilen kjem av ein meir framtredande nøttesmak. Dette har Ægir fått fram med å bruke brown malt og special W. Naglfare er einhumla med East Kent Goldings. At dette ølet eignar seg for kjøttrettar, som til dømes biff eller steik, er inga overrasking. At det har nok søtt i seg til å bera ein dessert er meir uventa, men bryggaren fortel at den passa godt til ein brunost-is med bringebær-shot han fekk servert på Flåmsbrygga.

Tilgjenge

Dei to nemnde øla skal vera tilgjengelege i dei aller fleste av Norgesgruppens butikkar, Rema, ICA og Coop, i tillegg til spesialbutikkar og butikkar med ølutval litt over gjennomsnittet.

Skriv en kommentar