Ny øl og relansering frå Kinn

Kinn Bryggeri er på offensiven og lanserar ei ny øl i tillegg til relansering av ein gamal kjenning.

Ny øl og relansering frå Kinn

I januar lanserar Kinn Svartekari, ein engelsk porter på 6,5%. Dette er bryggeriet sin variant av ølet som vann heimebryggarkonkurransen under ølfestivalen i Florø i august. Historia bak ølet og navnet kan du lese på etiketten under.

svartekari bak etikett NY

Svartekari vil bli tilgjengeleg på enkelte utestader før den vert sloppen på Vinmonopolet. Den fyrste anledninge vi kjenner til for smaking av ølet, utanfor Florø, er Kinn sitt krankupp på Apollon i Bergen. Då vert den i tillegg servert i cask versjon, noko som burde passa ølstilen svært godt.

voodoo front

Samtidig med lanseringa av Svartekari vil ein gamal kjenning bli tilgjengelig igjen. Dette er Voodoo, som Kinn brygga fyrste gong saman med Hans Egil Løe frå Skambankt. Voodoo er eit Svart India Øl på 7,0% og det er planen at den i framtida er tilgjengelig kvar vinter.

Kinn melder og at lageret deira er så godt som tomt for Solsnu og Tomasmesse. Den siste har dei allereie byrja å brygge igjen. Den skal som kjent ha eit år under godt kontrollerte forhold før Espen Lothe og gjengen meiner den er klar for marknaden.

Vis kommentar

  1. Fantastisk! Alltid gledelig med nye Kinn-utgivelser, og spesielt gledelig at Voodoo, den beste norske Black IPA’en, endelig blir gjort mer tilgjengelig! Det var for meg uforståelig at Kinn lanserte Svarthumle fremfor denne. Da er det bare å glede seg til Januar 🙂

Det er stengt for kommentarer til denne artikkelen.