Glutenfritt frå Kinn

Det er stort fokus på glutenfrie alternativ for tida og difor har Kinn no fått godkjend to øl som glutenfrie.

Glutenfritt frå Kinn

Dersom du er ein av dei som slit med glutenhaldig mat, men samstundes er glad i godt øl, har du all grunn til å glede deg. Kinn har ei stund brygga to av sine øl med enzym som et opp dei siste restane av gluten under brygginga og no har dei og fått desse registrert som glutenfrie hos NCF (Norsk Cøliakiforening). Dette vil sei at ein har måla gluteninnhaldet til under 20 ppm.

Øla det gjeld er Pryl og Pilgrim. Pryl er ein belgisk dobbel (7,0%) som vart brygga fyrste gong som ein hyllest til Ringnes, etter at Kinn tapte finalen i Bryggeribråk i 2014. Pilgrim er ein engelsk bitter ale (4,7%). Ikkje la deg lure av namnet på øltypen her. Han er lang mindre bitter enn namnet tilseier og har f.eks. berre halvparten av bittereiningane (IBU) til Vestkyst. Dermed skulle det og vere bra spenn i smaksprofilane, slik at det er stor sjanse for at fleire finn eit øl som fell i smak.

Det har teke litt tid å få godkjend øla for merking og det er dermed sendt ut øl som er glutenfrie, men ikkje er merka med dette. Dette gjeld alle tilgjengelege Pilgrim på 0,33 flasker og all tilgjengelege variantar av Pryl. Den fyrste omgangen med Pryl vart brygga utan enzymet, men det var ein pause i brygginga av denne og Vinmonopolet var heilt utseld før dei fekk nytt inn. Einaste unntaket her må då vera flasker som har vore lagra på serveringsstader eller privat.

Skriv en kommentar