Muraren er tilbake

Muraren er tilbake

Hugsar du muraren? Denne høge elegante 0,7 liter flaska, som visstnok skal ha vore elska av murarar etter ein lang støvete dag. Den gamle muraren har forlate oss for godt og det same har den klumpete grøne etterfylgjaren som arva namnet, men no har Kinn blese nytt liv i namnet.

I Vinmonopolet sitt bestillingsutval finn du no Kinn Murar. Dette er eit lyst lagerøl, med alkoholinnhald på 5,5%. Bryggjeriet beskriv ølet på fyljande vis:
Murar er eit lyst og leskande lagerøl med ein lang, behageleg ettersmak av edel humle. Vi gjærar ølet ved ekstra låg temperatur slik alle lagerøl vart gjæra før i tida. Skjenk slik at det skummar godt i glaset; då får du fram meir av dei gode smakane. Nytast ved 6-8 grader C og gjerne i lag med fisk og skaldyr.

 

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke vises