Eige øltelt på Dyrsku’n

Dyrsku'n i Seljord føl med i tida og freistar i år eige øltelt, der det vert foredrag og smaking.

Eige øltelt på Dyrsku’n

Dyrsku’n i Seljord har røter tilbake til 1866 og dei ferraste er nok i tvil om at det har vore konsumert ein del øl i på dette arrangementet opp gjennom åra. I år har dei imidlertid teke det heile eit steg vidare og freista med eige øltelt, noko dei ser som ei naturlig utvikling frå i fjor, då øl og NM i graut delte telt.

Temaet i årets øltet er norske ingrediensar i handverksøl. Det vert 4 spanande foredrag om temaet. Desse er opne og gratis for alle. Blant anna kjem Hege Ramseng frå Bryggeri- og drikkevareforeningen for å snakke om den norske ølbølga og Mette Thomsen frå Norsk Institutt for Bioøkonomi skal snakke om deira forskningsprosjekt; Norsk malt, humle og urter – Smaken av norsk øl. I tillegg vert det foredrag om kveik, gardsøl og foredrag av Fletre Humlehage.

I tillegg stiller Fjellbryggeriet, Valdres Gardsbryggeri, Ego Brygghus og Nøgne Ø til den nybygde øl-baren. Dei vil ha med seg 2-4 forskjellige typar øl. Det vil med andre ord bli noko for einkvar smak. Valdres Gardsbryggeri har også brygga eit spesialøl, med kveik og tørrhumling.

Detaljar om arrangementa finn du i vår ølkalendar.

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke vises