Fjalar og Galar

Gjengen fra Apollon i Bergen har vore i Florø og brygga. Resultatet vart Fjalar og Galar.

Fjalar og Galar

I mytologien er Fjalar og Galar to dvergar som drap Kvase (Kvasir). Etter drapet tømde dei han for blod, blanda dette med honning og brygga mjød på det. Dei to nemnde ingrediensane er ikkje brukt i ølet som blir lansert på Apollon i kveld, men kjenner vi Kinn rett har dei nok allikevel klart å brygga noko som er både godt og leskande.

Øla vart til då gjengen frå Apollon var på besøk hjå Kinn tidlegare i år. Det er i utgangspunktet ein og same øl. Eit belgisk gardsøl (saison) på 6,5%, gjæra med 2Wyeast 3711 French Saison». Eine halvdelen fekk passe mengder med dei «nye og moderande» tyske humlevariantane Huell Melon og Mandarina Bavaria. Denne vart kallar Fjalar. I den andre halvdelen vart det tilsett puré av mandarin og blodappelsin. Denne vart kalla Galar.

Etter det vi kjenner til er øla kun tilgjengelege på Apollon i Bergen, der det forøvreg er slepp på båe noe i kveld (16/11). I tillegg har Apollon fått Voss Bryggeri til å laga ein ny batch av Engelen. Ølet som er oppkalla etter den legendariske platapusharen Einar «Engelen» Engelstad.

 

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke vises