Bryggeripresentasjon : Geiranger Bryggeri

I fjordarmene på Vestlandet har bryggetradisjonane alltid stått sterkt. Kanskje fekk ikkje avholdsbevegelsen skikkelig tak på folket her? Geiranger var ikkje eit unntak i så måte. Det vart gjerne brygga to gongar i året: Eit sterkøl til jul, og eit svakere til slåttonna om sommaren.

Bryggeripresentasjon : Geiranger Bryggeri

«Tradisjonar er verdt å ta vare på, og når vi i tillegg har ein million øltørste turistar på veg gjennom bygda kvar sommar fann vi at det berre var å setje i gong. Produksjonsutstyret er nok modernisert ein del i forhold til gamle dagars tretønner, vedfyring og gjærstokk, men handverket og lidenskapen for noko godt i glaset er i stor grad den same.»

Kven står bak bryggeriet?

Jakob Torp Årset, bryggemeister, gründer og primus motor med 33%
Frank Maråk , dagleg leiar og bryggar. Har tatt diplombryggarkurs i 2017, 33%
Stian Peter Merok, 11%
Kenneth Løken, 11%
Karl Mjelva, 11%

Når var oppstart?

Firmaet vart stifta i 2014, produksjonsstart i 2015.

Kva marknad satsar de på?

Vi satsar både på daglegvaremarknad og hotell/restaurant. Lokalmarknaden (Møre & Romsdal og spesielt Sunnmøre) vil naturleg nok vera hovudmarknaden. Vi har eit godt utgangspunkt med ein million turistar som er innom Geiranger om sommaren, og det er her vi sel mest. Vi har dessutan som mål å auke salet lokalt i Geiranger i åra som kjem. No er vi på utkikk etter samarbeidspartnarar for å starte ein lokal Geiranger Bryggeripub.

Kva er målet?

Vi har som mål å bli det beste bryggeriet i Møre og Romsdal, og levere solide produkt. Geiranger Bryggeri skal levere kvalitet til ei kvar tid!
Vi har allereie nasjonal distribusjon gjennom ASKO. Nokre øltypar er også tilgjengelege i Vinmonopolet sitt bestillingsutval.

Kva tenkjer de om påstanden om at det no er ei overetablering av bryggeri her i landet?

Oss har rom for fleire! «Kvar ei bygd med respekt for seg sjølv må sjølvsagt ha eit bryggeri!» Samstundes er det ikkje til å stikke under ein stol at det å drive bryggeri er kostnadskrevjande, og marknaden i dag er for liten for så mange. Det går an å drive på idealisme ei stund, men etterkvart er det nok ein del som kjem til å falle frå pga. dårleg lønnsomheit.

Har endringane i kronekursen påverka oppstartsarbeidet?

Bryggeriet blei 300.000 kroner dyrare pga. lav kronekurs. Noko som førte til at vi måtte spytta inn litt meir pengar i form av private lån.

Har de ein klart definert profil?

Vi har ein fantastisk god designar med oss, Tobias Janius. Han har gjort ein svært god jobb, og skapt eit design med eit profesjonelt uttrykk. Han har fått frie tøylar til å gjere det han vil. Det er slik en får til det unike!
Vi har kanskje ikkje dei flaskene som skiller seg mest ut i mangfaldet i butikken, men eg kan med handa på hjartet seie at vi har ei av de finaste flaskene til å servere på bordet i ein restaurant. Eg er kokk og lidenskapeleg oppteken av mat og utrykk. For oss er dette viktig!

Har de ein klar bestseljar?

«Vikingstøa Pale Ale» er begynt å bli folke pale alen i Møre og Romsdal. Det er ein av dei beste pale aleane du får i Norge i følgje Aperitif si kåring i 2016.  Vi ser at denne sel meir og meir, men det er fortsatt «Friaren Pilsner» som sel mest. Dette er ein pilsner der vi har brukt rikelege mengder med Hallertau Mittelfruh. Den skil seg nok litt ut ifrå mengda, men er ikkje det poenget ?
«Bølga IPA» er vår bestseljar når det kjem til øl over 4,75%. Ein solid humlefrisk IPA med ein behageleg sødme som harmonerar godt med bitterheita i ølet.

Har de eit øl de spesielt vil anbefala våre leserar å kikka etter?

Vi vil anbefale å prøve vår «Vikingstøa Pale Ale» om du er i butikken. Når det kjem til øl over 4,7% så vil vi anbefale å sjå etter «Helvetesgjølet Quadrupel». Dette er eit øl på 10%, som blir produsert 6 månadar før det blei lansert i haust. Dette er på ein måte vårt juleøl, utan at det står juleøl på. Den er produsert i begrensa opplag på 800 liter. Du finn den i bestillingsutvalet på Vinmonopolet.
Vi har også nyleg lansert «Studebaker Chocolate Stout». Eit samarbeid med den prisvinnande Geiranger Sjokolade. Her har vi brukt førsteklasses sjokoladebønner. Eit perfekt øl til dessert eller kos på snille 5,3%.

Vil vi finna dykk på nokon av dei mange ølfestivalene rundt i landet med det første?

Vi prøvar å vere med på så mange vi kan, men vi har ikkje lagt ein heilt detaljert plan for 2018 enno.

Kor store batchar produserar de?

1000 liter.

Kor stor er antatt produksjonsmengde det første heile år?

Første år vart det produsert 33000 liter.
I fjor blei det blir det ca 45000 liter.

Tar de imot publikum på noko vis på bryggeriet?

På sommaren har vi for mykje anna å gjere, men haust, vinter og vår har vi gjerne grupper på besøk for omvisning. Dei fleste av desse er organisert gjennom Union Hotel Geiranger, men det kan også bestillast direkte med oss.

 

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke vises