Minneord om William Kyrkjeøy Holden.

Nokre gongar treff ein menneske som berre er genuint gode, min bror William Kyrkjeøy Holden var eit slikt menneske. 

Minneord om William Kyrkjeøy Holden.

William Kyrkjeøy Holden døde 13. november i sin heim på Riksheim, med sine næraste rundt seg. William måtte gi tapt etter kort tids sjukdom, berre 50 år gammal. Det er ufatteleg trist, og veldig uverkeleg at denne glade og positive karen ikkje er blant oss lenger. Hans bortgang gjer også låkt fordi William hadde så mykje ugjort. Han var far til 5, og hadde mange viktige oppgåver framfor seg med familien sin. Han elska borna sine.

William Holden vart fødd i Oslo i 1968. Han budde der dei sju første åra, før han flytta til Mek på Folkestad. Der vaks han opp i lag med resten av familien: Gerd Gytri Mek (mor), Ståle Mek (far), Stig Atle Holden (bror) og Gard Severin Mek (bror).

Hans yrkeskarriere var svært variert. Han jobba som lastebilsjåfør, anleggsarbeidar, trykkeriarbeidar, DJ og seljar. Men det var ambulansesjåfør han var store delar av sitt yrkesaktive liv. Ein jobb som han trivdes i, og var flink i. Dette var ein jobb der han fekk gjere noko viktig for andre, og det er nettopp dette mange huskar William for: Den særleg omsorgsfulle personen han var.

William var veldig glad i menneske, han bygde seg raskt nettverk, og var kjend for å vere sosial. Han har budd ulike stader på Vestlandet, men på kvar plass har han brukt kort tid på å bli kjend med folk. Når han var i festleg lag, drog han ofte fram toradaren, og vart eit naturleg midtpunkt. William har alltid vore interessert i korleis andre har det, og hans vesen var alltid inkluderande. Hjartet hans banka ekstra for dei som hadde det vanskeleg. Dette kom til syne når han tok initiativet til å starte innsamlingsaksjon i førjulstida – Sunnmørsenglane. Målet var å lage ei betre jul for dei som hadde dårleg råd.

Dei siste åra engasjerte han seg med stor entusiasme i heimebryggarmiljøet. Der fekk han raskt mange vener, og samstundes var han ein primus motor for ulike arrangement. Han var ein av grunnleggarane, og leiar for Norsk Kornølfestival. Så seint som i september deltok han på festivalen, og var ein betydeleg bidragsytar der. Det er særleg innafor Norsk tradisjonsbrygging interessa har vore størst dei siste åra. I det miljøet har han sett djupe spor etter seg langt utover landegrensene.

Ein kan med visse seie at William levde livet til det fulle. Han hadde definitivt livets skule, og  rikeleg med livserfaring, menneskekunnskap, kreativitet, humør og omsorg. Han var aldri redd for å utforske moglegheitene som baud seg, og han var alltid genuint interessert i andre menneske.

William Kyrkjøy Holden har rørt mange liv. Hjartet hans var stort. Minna lever evig.

Eg lyser fred over William sitt minne.

Bror og venn
Gard Severin Mek

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke vises