Arne Hjeltnes om øl

Då vi vart samde om å intervjua meir eller mindre kjende personar om deira forhold til øl kom Arne Hjeltnes sitt namn ganske raskt opp på bordet. Han har mellom anna vist på "Det Norske Måltid", som går på TV2 at han verkeleg bryr seg om kva han puttar i munnen og då vart vi sjølvsagt nyfikne på kva for eit forhold han har til øl.

Arne Hjeltnes om øl

Arne er ein travel mann, men tok seg tid til eit telefonintervju på veg til Kristiansand for å promotera kokeboka si: Helt På Kjøkkenet.

Korleis vil du beskriva ditt forhold til øl?

– Eg er glad i øl. Det er interessant å prøva nye ølsortar og eg har med glede sett revolusjonen her i Norge etter at det ei tid hadde gått mot færre og færre bryggjeri og mindre og mindre variasjon. Det verkar som om det kom en motreaksjon blant vanleg folk som hadde ynskje om noko meir spanande i glaset.

Har ditt forhold til øl endra seg dei siste åra?

– Ikkje så mykje. Eg vart tidleg interessert og har mellom anna vore med som eigar av bryggjeriet ”Kulturbrygg”, der me hadde Arne Fykse som ansvarleg for brygginga. Me laga mellom anna Vossaøl, Hardangerøl, Smalahåveøl og Rakøl. Bryggjeriet hadde hovudsete på Voss medan ølet vart brygga på mindre bryggjeri rundt omkring i landet. Eg meiner sjølv at me hadde gode produkt, men me var nok litt tidleg ute og marknaden var ikkje klar til å betala litt ekstra for kvalitet. Dermed måtte me leggja ned.

Har arbeidet med ”Det Norske Måltid” vært med på å endre ditt syn på norsk øl og norske bryggeri?

– Som nemnt var interessa der frå før. Heine, som og er interessert i godt øl, og er har prøvd å vera pådrivarar for at god drikke og skal leggas vekt på. Som til dømes Kinn og Espen Lothe i det fyrste programmet.

Vel du regelmessig øl til maten når du er ute og et?

– Veldig ofte om dei har godt øl. Eg finn det irriterande med dårleg utval og tar då vin til maten, men fleire og fleire har blitt flinke på både utval og kunnskap. Eit par eksempel er ”Tre Brør” på Voss og ”Svingen” på Beitostølen, som mellom anna har øl frå Valdres Gardsbryggeri på fat.

Arne-Hjeltnes

Foto: Vidar Herre

Vel du regelmessig øl til maten når du skal kosa deg heime?

– Eg har alltid eit lite utval ståande i kjøleskåpet og dette brukast i hovudsak til mat, så svaret blir nok ja.

Passar du på å smaka lokalt øl når du er ute og reiser?

– Ja om eg skal ha meg ei øl når eg er på ein ny stad leitar eg alltid etter noko lokalt.

Tar du med deg øl heim når du er på reis?

– Ikkje mykje. Det avheng av transportmetoden. Køyrer eg bil tek eg gjerne med litt, men med dei reglane me no har for sikkerhetskontroll på flyplassar let eg det vera når eg reiser på den måten. Då handlar eg heller tax free etter landing. Då nesten alltid Aass. Eit av dei få heileigde norske tradisjonelle bryggeria. Før det vart strenge kontroll på kva flytande ein kan ta med seg på flyet samla eg på øl frå reisene mine og servera då gjerne dette til vener ved festlege høve.

Hender det at du kjøper øl på Vinmonopolet?

– Ja, nesten kvar gong er på polet og handlar. Eg kjøper då mest norsk. Eg trur eg kan sei at 95% av ølet eg kjøper er norsk og at eg har prøvd dei fleste, men det vert nok mest frå Haandbryggeriet, Nøgne Ø, Ægir og Kinn.

Føler du at du er godt informert om det som skjer på bryggjerifronten i Norge?

– Eg prøver å halda meg oppdatert. No er eg spent på Voss Bryggeri som startar opp på nyåret. Når eg er på reis i Noreg spør eg ”Finnes det noko godt lokalt øl”. Mellom anna har eg fått servert svært godt øl på Stokkøya i Trøndelag. Men her må eg og nemne all den andre gode alkoholproduksjonen som veks fram. Til dømes eplebasert frå Hardanger, men ikkje minst Marius Egge i Lier som mellom anna lager norsk singel malt av gamalt juleøl. Dette er heilt på høgde med det meste av det skotske. Eg kjøpte like godt ein kasse.

Du er oppvaksen på Voss, som er verdskjent i Noreg for sitt Vossabrygg.
Kva er ditt forhold til dette?

– Eit fantastisk øl når det er godt og tvert imot andre gonger. På «Det Norske Måltid» kan de sjå at det blir hevda av bryggjerimeisteren på Mack at ”Den norske ølkulturen var i ferd med å døy ut og var det ikkje for miljøet på Voss ville dette truleg skjedd.”

Har du favorittar i ølvera?

– Godt heimebrygg frå Voss – Ægir, Rallar – Rosa Kinn, eit fantastisk forfriskande øl.

Har du tankar om framtida til norske bryggerier, da spesielt håndbryggjerier.

– Det er kjekt at det lever så godt, men det er og viktig å få gjort det kjent slik at dei kan tena pengar på det dei driv med. Eg er optimistisk for framtida. Vi ser positive utviklinga, som 5 tilsett på Kinn på kort tid og som eg allereie har vore inne på gler eg meg til å smaka ølet frå Voss Bryggeri.

Har du lyst til å si noen ord om reklameforbodet, som nå og omfattar produktinformasjon frå bryggeria?

– Eg synes dette er tåpeleg. Det går utover arbeidsplassar i små lokale verksemder, kultur og landbruskbaserte arbeidsplassar. Dette er og produkt som vert drukne av vaksne folk som neppe står i fare for å ende opp som alkoholikarar om dei får litt meir informasjon. Samstundes får vi inn reklame frå dei store bryggeria gjennom TV og internett. Ein reklame som vil ha oss til å drikke det same over heile verda.

Vi takka for praten og let Arne kjøre vidare på veg mot Kristiansand.

 

Skriv en kommentar