Gamleguten og eit par til
Kinn slepp snart Gamleguten. Dette er ei engelsk gammaløl (Old Ale) med tydeleg preg av amber malt og eit alkoholinnhald på 7,0%. Fyrste runde vert på fat og det finnes ingen noverande planar om å lage denne for flasking.
I desse dager har dei klar ei ny ladning med Løkka Svarthumle, som dei har laga i samarbeid med Grünerløkka Brygghus. Løkka Svarthumle er ein 6,5% svart india øl med ein kraftig humlekarakter frå tysk Northern Brewer. Ei humle som gjer eit humlepreg som minner mest om krekling, noko Espen Lothe meinar står svært godt til den mørke malten.
I samarbeid med Grünerløkka Brygghus har dei og bryggja ein belgisk staut på 8,0% som vert å få kjøpt om ein månad eller to..
Skriv en kommentar
Skjul kommentarer