Ægir fortset utvidingane
Det har enno ikkje gått eit år sidan Ægir opna sitt nye bryggeri, men utvidingane er allereie nødvendige. Vi har tidlegare meldt om to nye gjæringstanker. Dagleg leiar Evan Lewis kan no fortelja at dei i tillegg har besteld inn enda ein gjæringstank og ein tappetank på 10 500 liter. Dei har og tilsett en bryggar til. Frå mai er Thomas Schöne frå Tyskland på plass i Flåm. Han er utdanna bryggmeister og skulle dermed kunna bidra monaleg frå fyrste dagen. Med dette er Ægir Bryggeri oppe i 7 fulltidstilsette, frå like mange nasjonar.
Evan fortel at auken skjer på fleire frontar. Distribusjonssamarbeidet med Hansa har gjort at Ægir no er å finna fast på fat på stadig fleire stader, samtidig som det er auke i flaskesalet. Vi ser ikkje bort frå at kåringa av deira India Pale Ale kan ha vore til god hjelp her.
Vidare fortel han at finnane sitt svar på Vinmonopolet, Ako, har teke inn 4 av ølsortane deire til spesialbutikken i Helsinki og at der er von om at det kan føre til eit jamnt sal til Finnland.
Når vi fyrst skriv om Ægir vil vi nytta høvet til å minna om at det snart er påske og at ei av dei svært få norske påskeøla, Påskesol, kjem nettopp herfrå og at du ikkje skal verta forundra om Dag står ved sida av i hylla. Dag er ei pale ale med sitrus og skulle såleis også passa ganske greit i påska.
Skriv en kommentar
Skjul kommentarer