Hjemmebryggerne – id.NB
Denne måneden presenterer vi id.NB Bryggeri som Månedens Hjemmebryggere.
Jo-Helge og Vegard Dimmen står bak id.NB. «id» står for Indre Dimna (Ulsteinvik) og «NB» står for Nanobryggeri.
Kor lenge har de brygga?
Det fyrste brygget blei satt i romjula 2011, men tanken om å brygge starta allereie i 2007, då Vegard registrerte seg på Nordbrygg sitt forum. Vi studerte forskjellige typar bryggeri og bestemde oss hausten 2011 for kva vi ville gå for. Vi var så ein tur nede på Bryggselv på Hasle. Der fekk vi gode råd og tinga utstyr. Fyrste bryggedag skulle vera 10. desember, men det satte Vegards epileptiske anfall ein stoppar for. Han fall og kvelva 25 liter vatn utover heile kjøkengolvet. Heldigvis berre 50-60 grader. Dermed vart fyrste brygg satt i romjula 2011. Det var eit Pale Ale-sett frå BryggSelv. Den vart for svak og for bitter i forhold til kva den skulle vera, men den var godt drikkandes. Etter dette brygga vi 5 sett til frå Bryggselv før vi gjekk over til eigenkomponerte oppskrifter. Dette byrja vi med i juni 2012.
Kva slags utstyr brukar de?
Oppskriftene vert laga av Vegard i BeerSmith. Vi kvernar malten sjølv på ei MonsterMill MM2 før sjølve brygginga skjer på kjøkenet til Vegard. Vi brukar en kjølebag med kopparmanifold til meskinga. Kokar i ei 50 liter isolert panne på ei 2 kW kokeplate med ein 3,2 kW dykkheatar i tillegg. Vidare har vi hopspider og dykkjølar i koppar (ca. 20 m x 12 mm røyr). Gjæringa held vi kontroll på med 3 kjøleskåp og ein djupfrysar som er styrde med eksterne temperaturkontrollarar. Alt ølet vert tappa på flasker.
Kor ofte brygger de?
Har vel brygga minst 2-3 ganger i månden siden sommaren 2012.
Kan de kort beskriva ein vanleg bryggedag?
Vi har i det siste bygd opp eit godt lager med malt og humle, slik at brygginga kan gjerast litt på impuls. Dagen før riggar vi til utstyret og veg opp malt. På kvelden målar vi opp meskevatn og kokar det opp slik at det held 45-50 grader om morgenen når vi startar. Malten vert fukta før vi startar malinga. Vi oppnår då at meir av kornet vert opna i staden for knust. Vi startar so brygginga med mesking. Normalt 90 minuttar og to skyllingar. Deretter kokar vi i 90 minuttar. Vi kjøler mens vi rører forsiktig i vørteren. En normal bryggedag tek omlag 6 timar. Vi har og brygga 3-4 50 liters batchar ved å koka dobbelt. Det vert lange bryggedagar.
Vi tek vare på gjær frå tidlegare brygg slik at vi har eit lite lager med gjær. Dette er i all hovudsak basert på fersk gjær frå Whitelabs.
Kven gjer kva i bryggeprosessen?
Det er Vegard som er bryggesjefen og lagar alle oppskrifter. Jo-Helge kan komme med forslag til type øl og han lager etikettar.
Kva er favorittølstilen?
Vegard likar det meste frå “pils” til Imperial Stout og belgiske variantar til Lambic. Jo-Helge er ikkje så glad i det mest ekstreme belgiske. Vi kjøper ein del øl på polet og i butikk. Blant butikkøl har vi favorittar frå BrewDog og Lervig. «Industriøl» blir det lite av. Når det gjeld poløl går det ein del i Mikkeller, BrewDog, Nøgne Ø og dei andre norske håndbryggeria.
Har de utvidelsesplanar?
Vi skal først klare å komme opp på 50 liters batchar. Det skal vi klare med det utstyret og den plassen vi no har. Vi har kjøpt inn Marchpumpe og skal laga ein motstrømskjølar for å prøva det.
Tanken er å bygga eit eige bryggehus i løpet av eit par år. Vi held til på eit småbruk så plass har vi.
Sjølv om vi vil halda det på eit avslappa hobbyplan, der vi lagar øl som vi likar, men samstundes driv også og samler utstyr til eit 200 liters bryggeri, samen med ein gjeng kompiser. Ei av våre første oppskrifter, som dei vill at vi skulle brygge igjen sammen med dei.
Kvar blir det av alt ølet de brygger?
Det lurer vi og på. Vegard har 2-3 ganger i året ei samling med kompisar der det vert smakt på ølet. Det er mykje folk som spør om å få smake og det er ikkje nok øl til at alle kan få. Vi ser at 25 liter øl til Flasking vert alt for lite. Vi forsøker å bygge opp eit lite lager, men det er vanskelig.
Er det noko meir de vil formidla?
Å brygge er ikkje så vanskeleg. Dei fleste klarar å laga OK øl fyrste gangen. Ein må ikkje verte skremte av «utstyrs-frikane” 🙂 Ver ikkje redd for å prøve. Finn ut ut kor mykje pengar du vil bruke på brygging og kjøp utstyr etter dette. Det er fleire av dei vi jobbar med som no har gått i gang med å brygge litt øl. Det er vel slik at når ein ser det er mogleg å lage godt drikkande øl vert ein inspirert.
Før vi starta las vi mykje, og somme får det til å virke som om det er rakettvitenskap å brygge øl. Dette stoppa nok oss litt frå å starte med å brygge, men det vi fann ut var at vi måtte kjøpe noko som var enkelt å brygge på. Det er mykje ein kan forbedre på det systemet vi har, og det kjem vi til å ta litt etter litt no. Vi gjekk rett på all-grain frå fyrste brygg og har ikkje angra på det.
Vi har for det meste brygga ale, men også 5 lager og vi har forsøkt oss på litt cider. Vi synes det å brygge lager er utruleg spanande, då det tar lang tid før du veit om det vert så bra som du tenkte. Saman med ein kompisgjeng har vi og brygge ein 50 liter batch av ein Canadian Pale Ale med lønesirup.Ei av våre første oppskrifter, som dei vile at vi skulle brygge igjen sammen med dei.
Vi ser at etikettar har mykje å sei når ein gjer frå seg øl – det skapar det vesle ekstra.
Vi har brygga mange typar øl, men ikkje så mange av dei to ganger enno og vi har mange tankar om ting vi vil prøve (deriblant å brygge om igjen mange av dei øla vi har brygga tidlegare).
Vil anbefala avslutningsvisalle som brygger å støtta opp om Norbrygg, som er eit kjempeforum for oss heimebryggarar.
Skriv en kommentar
Skjul kommentarer