Nytt øl fra Ægir

Nytt øl fra Ægir

Ægir melder at dei i september kjem med eit nytt øl. Dette er ein stout, på 5,5% og soleis eit poløl. Produktet er døypt «Lir Dry Irish Stout» og vårt første innfall var at dette spelar tid som ein del andre øl frå same stad, men etiketten fortel om den irske sjøguden Lir. Motstykket til den norønne Ægir. Når det gjeld ordet «lir» kan vi sitere frå ordlista: «om tid: vere komen til eit visst tidspunkt» og av dette får vi det kjende uttrykket «lakkar og lir».

Lir plasserer seg ein stad mellom «Skumring» og «Natt» og gjer med det Ægir sitt utval meir komplett. Når vi er inne på «Natt» kan vi og fortelja at Lynchburg Natt, Ægir sin imperial porter, lagra på Jack Daniels fat, vert tilgjengeleg i Vinmonopolets bestillingsutval no i haust. Vi kan då heller ikkje la vera å nemna at årets haustøl, «Harvest Ale», også vil vere tilgjengeleg på Vinmonopolet i september.

 

Artikkelen er oppdatert etter kommentaren frå «Studenten»

Vis 2 kommentarer

  1. Godt nytt! Elles var Lir havguden i irsk mytologi, altså motstykket til Ægir i norrøn mytologi.

  2. Ser nå at jeg skulle lest etiketten litt mer nøye ja.

Det er stengt for kommentarer til denne artikkelen.