Kinn Bryggeri søker mer personell

Det er ikke lenge siden Kinn Bryggeri utvidet sin kapasitet kraftig, og som en følge av dette er de nå på søken etter nytt personale.

Kinn Bryggeri søker mer personell

Fra Kinn sine hjemmesider:

ADMINISTRASJONSSJEF

Kinn Bryggeri er eit av dei leiande handverksbryggjeria i Noreg og er ei viktig brikke i den nye ølkulturen som har blomstra opp dei siste åra. I sommar flytta vi inn i nyoppførte lokale i Florø og har på kort tid meir enn dobla produksjon og sal. Som ein følge av dette treng vi fleire hender, hjarte og hovud. Vi søkjer difor etter ny administrasjonssjef. Administrasjonssjefen vil i fyrste rekke ha ansvar for personal og økonomi. Dette vil m.a. omfatte oppfølging av tilsette og arbeidsplanar, den daglege budsjett- og økonomistyringa, ansvar for særavgifter og naudsynte løyve, styring av logistikk samt innkjøp av råvarer.
Vi ynskjer at du har høgare utdanning, god dugleik i både norsk og engelske munnleg og skriftleg og gode kunnskapar i bruk av dataverktøy. Det er ikkje avgjerande at du har erfaring frå drikkevarebransjen, men det er viktig at du er sjølvstendig, kreativ og har evne til å utvikle bedrifta.

Administrasjonssjefen vil få ei svært viktig rolle ved å vere med på å bygge bedrifta vidare saman med dagleg leiar. Vi kan tilby ein utfordrande jobb i ein av dei raskast veksande nisjane i Noreg. Vi er så heldige å være i ein hyggeleg bransje utan konkurrentar, men med mange kollegaer i dei andre handverksbryggeria.

Løn og arbeidsviklår etter avtale.

BRYGGERIARBEIDAR 100%

Stillinga inneber produksjons- og lagerarbeid, tapping, pakking, reinhald og varetransport. Du må ha førarkort kl. B, og helst trucksertifikat. Vi ynskjer at du er sjølvstendig, beherskar norsk og engelsk godt samt har grunnleggande dugleik i bruk av dataverktøy.  At du er entusiastisk for det vi driv med er sjølvsagt ein fordel. Vi kan tilby eit engasjerande arbeidsmiljø med stor kjærleik for det vi jobbar med. Løn og arbeidsvilkår etter tariff.

EKSTRAHJELP

Vi skulle gjerne hatt 2-3 ekstrahjelper som kan trø til ved behov. Arbeidsoppgåvene er  i utgangspunktet knytt til lager- og produksjon, men alle slags typar forefallande arbeid kan være aktuelle, inkludert butikkhjelp.

Søknad med CV sendast til el@kinn.no innan 04.11.2013. For meir informasjon om stillingane, kontakt dagleg leiar Espen Lothe på telefon 47933191.

Skriv en kommentar