Reformasjonsøl – Noko for Bjørgvin?

Steinar Sneås Skauge har i mange år vore glad i godt øl. Sidan han er prest i Den norske kyrkje, har han ein ekstra interesse for kombinasjonen av øl og kyrkje anten det er i form av historiske kuriositetar, klosterøl eller eit dansk jubileeumsøl, slik dei no har laga i Aalborg. Han bloggar på stisidorsminne.blogspot.no der denne teksten første gong vart publisert.

Reformasjonsøl – Noko for Bjørgvin?

Det er jamn flyt av idear mellom dei skandinaviske folkekyrkjene, og no har Aalborg stift i Folkekirken i Danmark kome opp med ein strålande ide som også vi i Den norske kyrkje bør adoptere. I samband med reformasjonsjubileet som skal feirast i 2017 lanserte dei i forrige veke sitt eige reformasjonsøl.

Vores øl lanceres mandag... De bliver årets julegave... #øl #folkekirken pic.twitter.com/k2IcuOWZUd — Aalborg Stift (@aalborgstift) October 18, 2013

Vores øl lanceres mandag… De bliver årets julegave… #øl #folkekirken pic.twitter.com/k2IcuOWZUd — Aalborg Stift (@aalborgstift) October 18, 2013

Her bør eit av dei norske bispedømma ta opp tråden. Det er ein flott måte å skape merksemd om reformasjonsjubileet, støtte eit lokalt mikrobryggeri og knytte seg inn mot den gamle og store kyrkjelege tradisjonen det er med ølbrygging. Det er altså snakk om tre typar øl. Akkurat kva typar det er snakk om veit eg ikkje, men sidan det er Bryghuset Vendia og ikkje eit eller anna industribryggeri som har fått oppdraget, får vi tru at ein ikkje bryt det som vistnok skal ha stått i lovene i Augsburg på 1200-talet:

«Å selgje dårleg øl er eit brotsverk mot kristen kjærleik.»[1] 

Steinar Sneås Skauge

  • Ølglad prest i Den Norske Kirke
  • Har han en ekstra interesse for kombinasjonen av øl og kirke
  • Blogger på stisidorsminne.blogspot.no

Dei tre øla er kalla opp etter tre sentrale personar i den lutherske reformasjonen: Martin LutherKatharina von Bora og Philipp Melanchthon. Katharina hadde vore ansvarleg for brygginga i klosteret ho var i før ho gifta seg med Luther, og ho skal ha laga svært godt øl, noko Luther satt stor pris på. Melanchthon skal ha vore meir dempa når det kom til mat og drikke enn mange andre av reformatorane, også med øl, men då han låg for døden var det suppe laga av øl frå Hamburg han ville ha.[2] Så kanskje han også har ein naturleg plass på ei ølflaske? Det er uansett vanskeleg å kome vekk frå Melanchthon når ein skal nemne dei sentrale i den lutherske reformasjonen. Eg håpar eg klarer å få tak i eit sett eller to av desse flaskene. Om nokon skal til Aalborg er det berre å gje ein lyd. Vi rundar av med eit sitat frå eit brev Martin Luther sendte heim til kona då han var på reise i juli 1534:

Det hadde vore fint om du kunne sende meg heile vinkjellaren og ei flaske av ølet ditt så ofte som du kan. Gjer du ikkje det, kjem eg ikkje heim til det nye ølet. Gud velsigne deg og borna og huset. Amen. Din elskar, Martin Luther.[3]

Fotnoter
[1] Jim West, Drinking with Calvin and Luther. A history of alcohol in the church, Oakdown 2003. Side 39 (Mi omsetjing)
[2] Ibid. Side 44-45
[3] Ibid. Side 30 (Mi omsetjing)
Bilde hentet fra Aalborg Stift (@aalborgstift)sin twitterkonto

Skriv en kommentar