Voodoo
Tidlegare i haust var gitarist i Skambankt, Hans Egil Løe, på besøk hos Kinn og var med og brygge Voodoo. Dette er ei Svart India Øl, der humlinga og gjæringa er eksakt som på Vestkyst, men maltsammensettinga er endra. Ølet, som har eit alkoholinnhald på 7,0%, er no tilgjengeleg på det vi likar å kalla gode skjenkestader. Espen Lothe fortel at alt ikkje er sendt ut enno og om det skulle vere skjenkestader som er interesserte så må det berre ta kontakt.
Skriv en kommentar
Skjul kommentarer