Rakfisk og Heimabrygg-konkurranse
Flåmsbrygga heidrar tradisjon og kultur og inviterar i år igjen til konkurranse i både rakfisk og heimebrygg.
Konkurransen blir sjølvsagt halden i Flåm, på Flåmsbryggas anlegg på kaien. Datoen er sett til 8. februar og dermed er det nok for seint å sette i gang med både raking og brygging, men har du noko klart er det berre å melda seg på. Om du ikkje har nok klart kan du ta turen for å kike og over vara konkurransane. Det vert både rakfisk og øl å få kjøpt på buffeten på Flåmsstova (19;00) i tillegg til deira eige flattbrød og vanleg tilbehøyr som rjome og raudlauk.
I dommarpanelet for heimabrygg sit Ægir-sjefen Evan Lewis og velkjende Kjell Fuglehaug, programleiar frå blant anna NRK-programmet «Antikviteter & Snurrepiperier». Han er i tillegg rakfiskentusiast, kjømeister og kåsør.
Heimabrygg-konkurransen er delt opp i to kategoriar:
- Tradisjonelt heimabrygg
- Moderne heimabrygg
Moderne heimabrygg er delt opp i fleire underklassar:
Lys overgjæra (ikkje IPA)
Lys undergjæra
Pale Ale og IPA
Mørk overgjæra (ikkje stout/porter, døme Amber Ale, Bitter, Scotch Ale, Dubbel etc).
Mørk undergjæra
Stout/Porter
Ein kan kun levere eit øl i kvar kategori.
Dei som ynskjer å delta i ein av konkurransane finn meir informasjon på www.flamsbrygga.no
Skriv en kommentar
Skjul kommentarer