Salsauke og gode prognosar for Ægir
Salet i fyrste kvartal 2014 viser framleis kraftig vekst for Ægir. I totalvolum er dei opp 40% målt mot fyrste kvartal i 2013. Den største veksten har komme i sal av øl på fat. Her har dei hatt ein auke på over 90%. Det ser ut til at trenden fortset i april, og i tillegg har dei fått langt større ordrar på juleølvariantane for 2014. Med fire variantar utgjer dette ein stor og viktig del av årssalet.
IPA er framleis bryggeriet sitt flaggskip og bestselgar i en portefølje som i år får minst 8 nye øl og dermed passerar 30.
Prognosen for 2014 er 900 000 liter, men ser ikkje bort frå at dei når millionen om utviklinga fortset.
Bemanningsmessig er det også vekst. Reidar Heggen tiltrer som logistikksjef i byrjinga av mai og det er planen å tilsetja ein ny person i bryggeriet/tapperiet i løpet av sommaren. Dette gjev ei totalbemanning på 8.
Skriv en kommentar
Skjul kommentarer