3 nye øl frå Ægir

3 nye øl frå Ægir

Eir Wasabi Saison (6,0%)

Som namnet seier, ein fruktig belgisk saison tilsett wasabi, og ikkje pysete mengder heller! Bryggar Anna Vignoli står bak både idé og utvikling av dette ølet.
Eir er i norrøn mytologi ei gudinne, ei åsynje, for legekunst

Hrist og Mist Hefeweizen (5,5%)

Ein heilt tradisjonell og ufiltrert tysk-type hefeweizen. Ægir hadde hefeweizen på fat for nokre år sidan, men dette er ei ny oppskrift, som er laga av bryggaren Thomas Schöene.
Hrist og Mist er dei to valkyriene som i følge Grimnismål (Grimnnes tale) i Snorres Edda bringer Odin hans drikkehorn i Valhall.

Lærdøl Sour Cherry Rye, (5,5%).

Eit surøl tilsett juicen frå moreller frå Lærdal. Med andre ord eit paradoks, søte kirsebær i surøl! Ølet er ikkje fatmodna, men andre versjonar kan dukke opp etter kvart. Dette er utvikla av sjefen sjølv, Evan Lewis.
Ein lærdøl er en person frå Lærdal, nokre mil nordaust for Flåm, langs E16.
Alle desse kjem på Vinmonopolet i juli.

 

Skriv en kommentar