Bryggerens Råd: Evan Lewis

Bryggerens Råd: Evan Lewis

Kvifor bør ein byrja med heimebrygging?

Sjølvsagt er det lidenskap for både handverk og smaken av godt øl som lokkar mange til å prøve å brygge sjølv, og eg meiner det er verdas beste hobby for dei som er ryddig, tålmodig, og ambisiøs.

Kva er dei tre viktigaste tinga når ein bryggar heime?

Reingjering, desinfisering, gjærhandtering. Det som er ikkje reint kan ikkje desinfiserast. Gjærhelse, nok oksygen før gjæring, og kontroll av gjæringstemperatur er deretter ekstremt viktig om ein skal oppnå godt øl. Om du manglar motivasjon til å reingjere er ikkje brygging hobbyen for deg, reingjering er 90% av jobben!

Har du eit lite triks som gjer brygginga enklare og ølet betre?

Endre kun ein ting om gangen, og for all del ikkje gje opp. Om du feilar, er det viktig å prøve å finne ut kva som gjekk galt, og så prøve på nytt. Om igjen og om igjen og om igjen.

Kva er den vanlegaste feilen blant heimebryggarar?

Å ikkje fylje råda i dei siste to svara mine ovanfor!

Kva utstyr vil du anbefala ein nyfrelst heimmebryggar å byrja med?

Kort svar: Ei god bok om heimebrygging bør vere fyrste kjøpet! F.eks. Brygging frå Hånd til Munn (Horne/Eick), How To Brew (Palmer), eller New Joy of Homebrewing (Papazian).

Når eg prate med påtroppande heimebryggarar høyre eg ofte kommentarar om korleis ekstraktbrygging er juks. Dette irriterer meg, fordi det viktigaste når ein byrja med brygging er å komme i gang og lære mykje om nokre heilt grunnleggande ting som reingjering, desinfisering, utrekning av bitterheit, og ikkje minst bruk av gjær/kontroll over gjæringsprosessen. Alle desse ting kan ein gjere med ekstrakt før å ta steget til/investering i meir utstyr og mesking som er meir tidskrevjande. Eit ekstraktbrygg tar mindre enn halvparten av tida det tek å brygge med korn, og gjer det lett for ein utan erfaring å komme i gang og få litt sjølvtillit. Det er fullt mogleg å laga godt øl med ekstrakt, og det vanlegaste grunn til at nye bryggarar gjer opp hobbyen er at dei sliter med å få til godt øl i fyrste omgang— oftast grunna gjæringsproblem. Difor er det bra å starte enkelt, få med seg litt basiskunnskap, og bygge vidare på det. Det er slik eg kom i gang for 25 år sidan, og det var ein god plass å byrja. Mine brygg blei vellukka og eg blei hekta— og steg for steg bygd mitt kunnskap (og utstyrssamlinga!)

Om ein starter med ekstrakt, er utstyrslista så enkelt som:

-ein minst 10 liter kokegryte
-eit gjæringskar og vatnlås (kan vere i plast.)
-1 – 2 liter behaldar med vatnlås til å laga gjærstartare på (stor flaske eller liknande)
-kaustisk reingjeringsmiddel
-syrebasert desinfiseringsmiddel
-nokre børster til reingjering
-stor «rørepinne» i plast eller metall
-trakt
-kjøkkenvekt
-termometer

Men det tar ikkje lang tid før ein bygger på med:

– 40 liters kokegryte med ventil, evt silbotn
-propanbluss til utandørs bruk
-counterflow vørterkjølar
-luftpumpe med sterilfilter eller reint oksygen + karboneringsstein
-Kjøleskap med temperaturkontroll til gjæringskar(ar)
-Corneliusfat og tappesystem til eige fatøl

Og etter kvart…

-3 panners full-mesk system, eller evt. Speidel
-Rustfriegjæringskar med temp kontroll
-slanger med santitærtilkoplingar
etc. etc. etc. etc. etc. etc. etc. etc. etc.

Det heile kjem fort ut av kontroll på ein god måte, men eg kan ikkje sei det ofte nok— starte enkelt, få med deg dei grunnleggande konsepta fyrst, laga ein god del vellukka brygg før du legger ut masse peng for fancy utstyr. Ein flink og dyktig bryggar kan laga godt øl med dårleg utstyr, men ein dårleg bryggar laga ikkje godt øl berre fordi utstyret er bra…

Har du ein god heimmebryggarhistorie å dele med lesarane?

Heldigvis ingen som har med brannvesenet å gjere!

Eg var berre 17 år då eg starta med heimebrygging med ein venn. Rektoren på gymnas hørte tilfeldigvis at vi hadde byrja å brygge, og nemnte for oss at han var ikkje imot å hjelpe med prøvesmaking. Vi sneik inn flasker i brun papirposer til han, og fekk både positive tilbakemeldingar og hjelpande kritikk. Snakk om god støtte! No har eg brygging som yrke og min venn jobbar med kjernefysikk!

Skriv en kommentar