Nytt bryggeri: Grim & Gryt Økobryggeri

"Grim & Gryt Økobryggeri vil ligge sentrumsnært og maritimt på Hareid, Sunnmøre, ved fjord, fjell og hav og endeleg gje landet tilgang på godt, økologisk øl med mykje smak", heiter det i bryggeriets omtale av seg sjølv. Vi har sett litt nærare på kva dette økobryggeriet er.

Nytt bryggeri: Grim & Gryt Økobryggeri

Kven står bak bryggeriet?

Andreas Grimstad, 30 år, faglærd elektrikar og Øyvind Grimstad Gryt, 35 år, historielektor. Vi har brygga i lag dei siste seks åra og planlagd oppstarten om lag like lenge.

Pressefoto Grim & Gryt Økobryggeri 1
Når er startar de opp?

Vi startar bygginga no i sommar og reknar med å ha øl på marknaden til hausten.

Kva marknad satsar de på?

Tre ulike kundegrupper som ikkje nødvendigvis er overlappande: Dei som vil ha smaksrikt og friskt øl, dei som vil ha lokale mat- og drikke-varer og dei som er opptatt av økologiske produkt.

Kva er målet? Nasjonalt eller bare lokalt og korleis er distribusjonen tenkt?

Målet er å verte heile landet sitt økobryggeri og samstundes vere lokalbryggeriet for ytre Sunnmøre. I førstninga distribuera vi sjølve i regionen, men sender òg øl til utvalde stadar i dei store byane og til Vinmonopolet.

Kva tenker de om at det starter opp eit nytt bryggeri nesten kvar månad?

Veldig positivt for øldrikkarane, det viser at det absolutt er blitt ein marknad for godt handlaga øl her i landet. Dei som lagar godt nok øl og har ein realistisk forretningsmodell vil klare seg.

Har de en klart definert profil?

Økologisk, smaksrikt og fokus på miljø og berekraftige produksjonsformer. Vi vil korkje filtrere eller pasteurisere øla vår. Det bør og nevnast at vi kun brukar heile humlblomar i brygginga.

Kva blir det første ølet frå dykk?

Fish and Ships – Pale Ale, ein hyllest til dei to historiske hovudnæringane på Sunnmøre, fisk og skipsbygging. Eit balansert øl med ein fin maltprofil og ein god miks av moderne og klassiske humlesortar. Omtrent samstundes kjem ein lysare, leskande ale og ein mørk ale-type, samt IPA og ein porter til Vinmonopolet. Det kjem fleire etter kvart.

Pressefoto Grim & Gryt Økobryggeri 5

Kva skal de gjera for å skilja dykk ut frå mengda?

Lage økologiske, smaksrike øl med ei viss mengd norsk korn i alle øla våre, og gjennomførd design frå kork til kasse som avspeglar kvalitetane i øla. Lokale kunstnarar er med på å lage etikettane våre, i tillegg til at vi skal samarbeide med lokale kvalitetsprodusentar av ulike matvarer.

Kor stor er antatt produksjons det fyrste hele året?

50 000 liter, men vil ha kapasitet til meir. Her må vi sjå an etterspurnaden.

Kor store batchar produserer de?

Vil ha ein kapasitet på minst 2000 liter, men med moglegheiter til å brygge mindre batchar ved behov.

 

Facebooksida til bryggeriet finn du her.

 

Skriv en kommentar