Tre nye øl frå Kinn
Espen Lothe og Kinn har fått god gang på det nye bryggeriet og er no klare med ytterlegare tre nye øl. Alle i polstyrke og alle med distribusjon over heile landet.
Vinmonopolet sitt slepp i byrjinga av juli er nok det tidspunktet flest av våre lesarar kan rekne med å få tak i desse, men dei er allereie tilgjengelege for HoReCa (Hotel/Restaurant/Catering) og dukkar sjølvsagt og opp på festivalar der Kinn deltek.
Kveldsbris
Kveldsbris er eit lyst øl i belgisk stil med disig lys strågul farge. I aromaen vil du finne klassiske humlenyanser blanda med eit lett sitruspreg frå amerikansk humle. Kroppen er lett og ettersmaken er prega av belgiske gjæringstonar. Kveldsbris er svært forfriskande og godt balansert. Det passar godt til sjømat og kan også klare ein del krydder.
Malt: Pilsener, kveite og pale crystal
Humle: East Kent Golding, Saaz og Amarillo
Gjær: Trappist
ABV 5,5%
Tilgjengeleg for HoReCa no og på Vinmonopolet som partivare frå 4. juli.
Skoddehav
Skoddehav er ei øl av typen kvit Indiaøl (White IPA). Fargen er bleik gul og uklar og har ein aroma og smak dominert av kraftige amerikanske humlesortar. Lett og frisk, men likevel smakskraftig.
Malt: Pilsener, kveite og havre
Humle: Cascade og Citra
Gjær: Trappist
ABV 6,5%
Tilgjengeleg for HoReCa no og på Vinmonopolet, som basisvare, frå 4. juli.
Ekstra God Bitter
Ekstra God Bitter er ein sterk engelsk bitter (ESB) med lys gylden farge, god maltsmak, medium kropp og ein tydeleg edel engelsk humlearoma. Eit svært godt universaløl som vil passe til dei fleste situasjonar og matrettar.
All humle blir tilsett siste halvtimen av kokinga.
ABV 5,0%
Tilgjengeleg for HoReCa no og på Vinmonopolet, som basisvare, frå 4. juli.
Skriv en kommentar
Skjul kommentarer