To nye frå Kinn med avgrensa distribusjon.

To nye frå Kinn med avgrensa distribusjon.

Espen Lothe og Kinn slår eit slag for Florø og har laga eit øl som berre er å få kjøpt der. Ølet har fått namnet Stimen etter sild i tidlegare tider og stimen av rikdom i desse tider. Dette er i røynda ein nedskalert versjon av den velkjende Vestkyst, noko som skulle borge for ein fyldig «session IPA», med godt med humle.
ABV: 4,7%.

Kinn_Spesial_Nr4_Bak_0614_98x56_3191

I tillegg har dei brygga eit festivaløl saman med Skambankt (bandet). Ein saison som har fått navnet Sirene og er tilsett litt svart og kvit pepper. Sirene er tenkt seld på diverse festivalar rundt omkring i landet, men vi veit og at den kan dukke opp på eit fåtall butikkar som er kjende for godt ølutval.
ABV: 4,7%

Kinn_Sirene_Bak_0714_98x56_3191

 

Skriv en kommentar