Ølliste for Løkalølfestivalen i Florø
Vi beklagar at vi har skreve alt for lite om Lokalølfestivalen i Florø, men prøver å ta igjen litt av det tapte her.

Lokalølfestivalen er ein del av Smaksfestivalen Godt i Gapet, som blir arrangert i Florø fyrstkommande laurudag (23/8) frå 14:00 til 19:00. Dette er ein festival med gratis inngang og smaksprøvar på kjøpte bongar. I tillegg må det kjøpast smaksglas. Dette er ein liten festival, men dette betyr samstundes at ein kjem tett på dei som står bak øla som vert servert. Vi veit at Evan Lewis frå Ægir, Gahr Smith-Gahrsen frå 7 Fjell og dei andre bryggarane vil vera til stades på festivalområdet. Dette gjeld sjølvasagt også for Mr. Kinn, Espen Lothe, som er med og arrangerar. Vestbrygg vil og vera til stades og demonstrera heimebryggarutstyr og har både utstyr og råvarer til sals. Artikkelforfattaren veit av eigne erfaringar at her er det svært gode råd å hente.
På kveldstid vert det mogleg å slå seg laus på dansegolvet til gloheit rockabilly frå Twang Gang. Her er det sjølvsagt også godt øl å få kjøpt, men no i eit litt smalare utval og i litt større glas. Denne delen opnar kl 22:00. Vi anbefalar ein solid middag mellom festivalen og festen.
Vi anbefalar aldri nokon å smaka alle øla på ein slik festival, sjølv om han er så liten og full av kvalitet som denne. Prioriter hardt og smak gjerne øltypar du ikkje har prøvd før eller øl du ikkje trur du kjem over andre stader med det fyrste. Om vi skal plukke noko frå lista under blir det desse: Spesial #4 frå Kinn, ettersom dette er eit eingongsbrygg. Lærdøl Sour Cherry Rye og Hyrrokkin India Peated Ale frå Ægir, ettersom desse er både nye og sære. Engelsk IPA og Vossaøl frå Voss Bryggeri. Den fyrste fordi den er ny og i ein stil alt for få norske bryggeri lagar, og den andre fordi den er i en stil ingen andre norske bryggeri lagar. Og sjølv om artikkelforfattaren er nevneverdig uhilda* bør du få med det Englafjell frå 7 Fjell, ettersom vi antar dette er den einaste anledninga du får. La uansett ikkje oss styra dine val. Plukk det meinar ser spanande ut og ta ein liten smaksprøve. Kos deg og diskuter øl med kjende og ukjende. Det er det slike festvaler er til for.
Meir om Godt i Gapet finn du her.
7 Fjell Bryggeri | Mon Plaisir Pale Ale |
4,7 |
Amerikansk pale ale |
Englafjell Pale Ale |
4,7 |
Amerikansk pale ale | |
Sommer Pale Ale |
4,7 |
Amerikansk pale ale | |
Rundemanen Rye Stout |
5,7 |
Stout | |
Walkendorff Amber Ale |
6,0 |
Amber ale | |
Fløien IPA |
6,9 |
India pale ale | |
Svartediket Black IPA |
7,0 |
Svart IPA | |
Balder Brygg | Sognapils |
4,7 |
Vienerøl |
Sognapils Extra |
6,2 |
Export lager | |
Kjedlarpils |
5,0 |
Pilsner | |
Bergen Pale Ale (BPA) |
4,7 |
Amerikansk pale ale | |
Gammel-Ole |
6,2 |
Old Ale | |
Porter |
6,2 |
Porter | |
Ægir Bryggeri | Kvase Kølsch |
4,5 |
Kølsch |
Hrist & Mist Hefeweizen |
5,5 |
Hefeweizen | |
Ægir IPA |
6,5 |
India pale ale | |
Ylir Julebrygg |
7,0 |
Juleøl | |
Lærdøl Sour Cherry Rye |
5,5 |
Fruktøl | |
Hyrrokkin India Peated Ale |
6,0 |
Torvrøykt India pale ale | |
Magni Tripel |
8,0 |
Belgisk trippel | |
Lir Dry Irish Stout |
5,5 |
Stout | |
Voss Bryggeri | Oregonian |
6,0 |
India pale ale |
Eldhus Porter |
7,0 |
Porter | |
Natabjødn |
5,5 |
Brown ale | |
Engelsk IPA |
?,? |
India pale ale | |
Vossaøl |
?,? |
Tradisjonelt øl | |
Kinn Bryggeri | Skoddehav |
6,5 |
White IPA |
Kveldsbris |
5,5 |
Belgisk pale ale | |
Ekstra God Bitter |
5,0 |
Engelsk pale ale | |
Svartekunst |
10,5 |
Imperial stout | |
Tradisjon |
5,5 |
Tradisjonelt øl | |
Bøvelen |
9,0 |
Belgisk trippel | |
Vestkyst |
7,0 |
India pale ale | |
Slåtteøl |
6,0 |
Saison | |
Bordøl |
2,7 |
Lettøl | |
Prestesonen |
5,7 |
Brown stout | |
Gamleguten |
7,0 |
Pale stout | |
Ivar Aasen-øl |
10,5 |
Barleywine | |
Stimen |
4,7 |
Amerikansk pale ale | |
Sjelefred |
4,7 |
Brown ale | |
Svart Hav |
4,7 |
Stout | |
Sirene |
4,7 |
Session Saison | |
Spesial #4 |
4,7 |
Engelsk pale ale | |
Trollbryggeriet | Slogen Lys Ale |
4,7 |
Blond ale |
Slogen Fjord |
4,7 |
Blond ale | |
Slogen Pale Ale |
4,7 |
Engelsk pale ale | |
Slogen Brown Ale |
4,7 |
Engelske brown ale | |
Slogen Alpe IPA |
4,7 |
Session IPA | |
Slogen India Pale Ale |
6,3 |
India pale ale | |
*Englafjell vart brygga av 7 Fjell på bestelling frå artikkelfrofattaren, for musikkfestivalen Festidalen. Ølet har namn etter fjellet som ligg på motsatt side av garden der Festidalen arrangeras, og tronar med sine 1200 meter stolt bak artikkelforfattarens hytte.
Skriv en kommentar
Skjul kommentarer