Nye øl frå Ægir

Det kjem jamt og trutt nye øl på marknaden. No er det Ægir som snart har nytt flaskegodt til oss.

Nye øl frå Ægir
Enkelt kan nok allereie ha smakt nokre av desse på ein av dei mange festivalane Ægir har vore med på i sommar, men for dei fleste av oss blir dei tilgjengelege i løpet av september. Vi tilrår at du tek deg tid til å lese litt på etikettane. Her står det både om øla og kva det har namn etter.

Magni Tripel

Tradisjonelt Belgisk tripel, utvikla av bryggjaren Elizabeth Healy.
ABV: 8,0%
Med i septembersleppet frå Vinmonopolet.

Skumring_180mm_januar2014

Hyrrokkin India Peated Ale

Ein heilt ny IPA med ein god dose torvrøykt malt. 6%. utvikla av bryggjaren Anna Vignoli.
ABV: 6,0%
Med i septembersleppet frå Vinmonopolet.

Skumring_180mm_januar2014

Lærdøl Sour Cherry Rye

Surøl tilsett juicen frå moreller frå Lærdal. (Eit moro paradoks… søtkirsebær i surøl!) Ølet er ikkje fatmodna, men andre versjonar kan dukke opp etter kvart, høyrer vi rykter om. Utvikla av «gubben sjølv», Evan Lewis.
ABV: 5,5%
Med i septembersleppet frå Vinmonopolet.


EIR_180mm_maj2014_outlined

Haustgule Lauv Märzen Lager

Amber lager, tradisjonelt Tysk Oktoberfest øl. Utvikla av bryggjaren Thomas Schöne.
ABV: 4,7%
I Norgesgruppen sine daglegvareforretningar frå september.

EIR_180mm_maj2014_outlined

Vis kommentar

  1. Spennende!
    Har ikke fått prøvd noen av de enda. Gleder meg.
    Ser for meg Haustgule som mitt nye hverdagsøl=)

    Blogget litt om slippet på: http://www.sniik.no

    Ses på Bergen Ølfestival!

Det er stengt for kommentarer til denne artikkelen.