Humlehaud
Det er eit nytt øl på veg ut dørene hjå Kinn. Eit øl som skal ut i butikkar. I første rekke noko avgrensa, men etterkvart over det meste av vårt langstrakte land.

Om du meiner du har sett etiketten før er du nok ikkje heilt på viddene. Ølet er ein alkoholmessig nedtona variant av Vestkyst og etiketten speglar dette. Det vil sei at det er brukt same humle og maltblanding, berre i mindre mengder. Humlene er Centenneal, Zeus, Simcoe og Amarillo, malta er pale ale malt og krystallmalt og gjæren er sjølvsagt bryggeriets husgjær: London Ale (tilsvarande White Labs WLP013). Ølet er gjæra i opne kar, noko Espen Lothe meinar er viktig for resultatet.
Det skjer noko med humlesterke øl i åpen tank i forhold til lukka tank. Veit ikkje heilt, men det blir eit mjukare og meir aromatisk resultat.
Vi veit at Espen ikkje alltid er like glad i dei nye øltypane som dukkar opp og måtte derfor spørje om det var heilt i hans ånd å lage ein «butikk-IPA».
No er eg etterkvart blitt så gammal at eg set pris på eit stort glas øl med mykje smak, men moderat alkohol. Og får du nok kropp på ei 4,7% øl, så kan du også gje den ein god dose humle, så det er ingenting feil med svakt Indiaøl som ølstil.
Typenamn på slike «butikk-IPAs» har og vore diskutert og vi bad om Espens meining om dette, sett i lys av at han konsekvent nyttar nynorsk på etikettar og i omtale av bryggjeriet.
Vi har gitt ølet undertittel «Indiaøl» men kunne godt skrive «Svakt Indiaøl». Du skal ikkje ha sett mange flasker Kinnøl før du skjønar at eg ikkje er nokon tilhengar av språkblanding slik som til dømes Sjelefred Brown Ale. Norsk og engelsk i same tittel passar dårleg, synest eg.
Her er artikkelforfattaren temmeleg einig med den gamle læraren, men det får vi komme tilbake til under vignetten Meiningar.
Når det gjeld distribusjon vert den førebels noko avgrensa, men det er von om landsdekkande tilgang etter sumaren. Dermed er det bare å håpe på ein «indian summer» for dei som ikkje har lukka med seg og finn ølet lokalt i sumar, for dette høyres ut til å vere eit øl som passar godt på terrassen i solnedgangen.
Vis kommentar
Skjul kommentarer
Dan Vinterlykke
Dette er jo kjempespennende! Det er 2 norske butikkipaer som jeg mener holder et veldig høyt nivå nå , det er GPA fra Nøgne Ø, og Haandbryggeriets Humlesus. Ellers er det veldig tynt i rekkene… Men er det et bryggeri som stort sett alltid leverer er det Kinn. Må si jeg gleder meg stort til å slå kloa i en Humlehaud!
Det er stengt for kommentarer til denne artikkelen.