Ægir går for boks

Ægir går for boks

Foto: Tommy Holen Helland

Ægir Bryggeri er godt i gong med å sonderingar for å få montert ei bokselinje. Dei er i kontakt med leverandørar i USA og Italia, for å sjekke ut mulige løysingar og prisar. Samstundes jobbar dei med å få oversikt over kva endringar som må gjerast i bryggeriet for å få plass til ei bokselinje, og samstundes ha best mogleg flyt i produksjonen.

Bryggerisjef Evan Lewis fortel at dei håpar å ha linja på plass tidleg i 2016, eller om alt fell på plass rundt årsskiftet. Det er fyrst og fremst 0,33 liters boksar dei vil satse på. Dette vil saman med 0,5 liter flaskene dei har i dag gje ein betre fleksibilitet i tappinga.

Evan er oppteken av at boks har ein del positive sider, som flasker ikkje har. Først og fremst er boksane heilt lys og lufttette, noko flaskene ikkje er. I tillegg er dei 100% gjenvinning bare og går inn i dagens pantesystem. Dei har mindre vekt og det går fleire liter øl på ei pall om ølet er på boks. Totalsummen av dette er eit produkt som held seg friskt lenger og en jamnare kvalitet hos sluttbrukaren, uansett korleis produktet har vore behandla på reisa dit. I tillegg kjem sjølvsagt ei mindre miljøbelastning.

Ægir har klare dei første utkasta til design på boksane, men ynskjer ikkje å dele desse med våre lesarar før ting er heilt på plass.

 

Skriv en kommentar