Kinn treng folk

Kinn er på jakt etter folk til to stillingar. Ei i Oslo-området og ei i Florø.

Kinn treng folk

Bryggerirepresentant, Oslo

Dette er kort fortald for å erstatta Jeremy Nicely, som har dreg attende til USA. Oppgåvene vil vera å halda kontakt med kundar i HoReCa-marknaden (hotell, restaurant og catering). Stillinga skal dekke austlandet og sørlandet. Ein bør ha tilhald nær Oslo, der dei fleste kundane er. Ei interesse for handbrygga øl er sjølvsagt naudsynt for ei slik stilling og det same er førarkort. Kjennskap til HoReCa marknaden vil vere ei føremon.

Bryggar, Florø

Stillinga er ved bryggeriet i Florø og det ein er på jakt etter ein utdanna bryggar med erfaring og interesse for handbrygga øl. Tilfredsstillande fysisk form er ein føresetnad, rett og slett fordi det vert brygga «på gamlemåte», med mykje manuelt arbeid. Smakingar og omvisingar blir ein del av jobben og søkarane bør difor kunne snakke norsk.

Om dette er noko for deg sender du ein søknad til gründer og dagleg leiar Espen Lothe  el[a]kinn.no innan 23. november (fyrstkommande mandag). Spørsmål om stillingane kan rettas til same mann. på +47 47 93 31 91

Skriv en kommentar