Ægir med 360

Ein boks er ikkje berre ein boks. Ægir la ein del arbeid i valet av bokstype og har god tru på at den dei valde vil bli godt motteken.

Ægir med 360

Dersom du har drukke øl eller brus frå boks i nokre år har du nok fått med deg at boksana har endra seg. Frå dei heilt sylindriske ganske tunge til dei vi har i dag, med innsnevringar oppe og nede. Skøyten som tidlegare var eit svakt punkt er vekke for lenge sidan. Det same er opninga som var så liten at en måtte suge i seg fluidumet om ein ikkje valde å helle det i seg som frå ei mugge.

Det neste steget i utviklinga er allereie komme, men etter det vi veit har det ikkje vore tilgjengeleg her i landet til no. Vi tenkjer då på løysinga som vert kalla «360 End®» av produsenten Crown og som Ægir har vald for sine boksar. Dette er ei løysing der ein ikkje berre lager ei lita opning i toppen av boksen, men fjernar så godt som heile toppen. Dermed står ein igjen med noko som liknar meir på eit drikkebeger enn ein boks.

Føremonene med dette er at det vert meir behageleg å drikke frå boksen og ein slepp ”kyssa” utsida på av den; det vert anteke at det er på denne måten dei som klagar på metallsmak frå boks finn denne. Det slepp og mei luft til når ein drikk, slik at smakane i ølet kjem meir fram, og om ein skulle ha eit øl med botnfall vil det vere lettare å stoppe hellinga før ein får dette i glaset.

Artikkelen fortsetter under biletet

15ABI0012_SlyFox360_Can_3q_Retouch

Sly Fox var blant dei første til å ta i bruk 360 End. Dei har og kalle opp eit øl etter patenten.

Evan Lewis hos Ægir fortel at desse boksane kostar noko meir enn dei standardiserte, men han meiner at både Ægir-ølet og kundane fortenar denne varianten. Vi er like spente som Evan og resten av gjengen i Flåm på mottakinga, men har tru på at norske øldrikkarar raskt lærer seg å drikke frå boks på same måte som frå glas.

 

Les og: Ægir tar steget inn i framtida

 

Spørsmålet om Ægir no kjem til å filtrera ølet har komme opp.
Svaret på dette er at ølet som går i boksane vil vere behandla på same måten som til no. Ægir har sentrifugert frå 2012, men filtrerar ikkje.

Vis kommentar

  1. «Artikkelen fortsetter under biletet». Er det nødvendig å skrive det? Det ødelegger leseflyten og er sykt irriterende.

Det er stengt for kommentarer til denne artikkelen.