Ægir tar steget inn i framtida

Det har lenge vore kjend blant ølinteresserte at Ægir Bryggeri i Flåm skal byrja å lever ølet sitt på boks. Det som ikkje har vore like kjend er at dei i samanheng med dette har gjort ei solid oppussing av designet.

Ægir tar steget inn i framtida

Det meste som vert seld på butikkane blir no bore heim i boksar. Rett nok er dette i hovudsak den standardiserte nordiske pilsen, men dette vitnar uansett om at ”folk flest” er vande med å drikke sitt øl frå boks. Kryssar ein dette med at den auka interessa for handbrygga øl blant ”folk flest” har ein i stor grad forklaringa på at mange av handbryggeria no sjekkar ut prisar for bokselinjer og boksar.

Ægir og Evan Lewis har komme nokre steg lenger enn å undersøkja kva som er mogleg. Førre veke var Lewis i Italia på fabrikktest av Ægir si bokselinje. ”Dette er eit oppsett som er i stand til å fylle 10 800 boksar i timen og som tek særs godt vare på ølet under prosessen”, fortel Lewis. Det er investert totalt 8 MNOK i omlegginga. Støtte frå Inovasjon Norge til redesign er då rekna med.

– Eg gjer ting på den måten. Det er ”go big or go home”.

Då avgjerda om å gå over til boks var teken sette bryggerisjefen seg ned og skreiv eit 3 siders dokument med krav til design på boksane. Etter alle tekniske krav og retningslinjer for designet avslutta han med ”skrem meg”. Dokumentet vart so dent til Leo Griffin, som er den som designa Ægir sin logo og hadde noko meir enn ein finger med i utforminga av totaluttrykket for 0,5 flaskene. Griffin handteikna så mønsteret for kvar enkelt boks og då han hadde skremd Lewis passeleg gjekk designet vidare til Griffin sine kollegaer. Dei overførte det til passe format for boks og sydde det saman. Evan Lewis fortel at han er svert godt nøgd med resultatet og ser fram til lanseringa i mai.

Evan og maskina

Bryggerisjefen og hoveddelen av boksemaskina. Totalt kjem maskina i 8 deler og dekkar 90 kvm.

Han utdjupar valet av boksar på 0,33 liter med at boks utan tvil er på veg inn i handbryggarverda og at mange av dei som vurdera å kjøpe seg ein kvalitetsøl finn at 0,5 liter er litt i meste laget. Vidare trekk han fram fordelane med boks. Ølet har det betre når det er spart for lys, det kan fraktas meir øl på ein pall og ikkje minst er frakta til attvinning minimert når boksane vert knuste i pantautomaten. Energiforbruket er og lågare ved smelting av boksaluminium enn ved smelting av glas. Eit argument inn mot butikkjedene har og vore at boks tek mindre plass i hyllene og dei dermed får plass til fleire varer. Om det er desse argumenta eller sjølve designet som begeistrar veit vi ikkje, men vi får høyra at to av dei tre kjedene i landet har gitt svært gode tilbakemeldingar på endringa.

Vi utfordrar bryggerisjefen på at det fort kan bli litt skepsis blant kundane når kvalitetsøl kjem på boks. Rett og slett fordi dette av mange vert forbunde med billigare ølvariantar og «pallesalg». Han parerar med at det var endå større skepsis då Oskar Blues frå Colorado valde boks og dei har prova for heile verda at boks fungera godt for kvalitetsøl.
”Oskar Blues såg at boksen passar godt for folk som er glade i å komma seg ut i naturen, og der har Colorado og Norge verkeleg eit fellestrekk.” Med eit lurt smil legg han til at dei har lagd ein del arbeid og pengar i å finne dei boksane som passar best mogleg for slik bruk.

1435 Leo Griffin _Aegir beer cans_Vetlebror beskoren_edited-1

Ein kommande favoritt til fredagskosen?

Dei fyrste øla som kjem med det nye designet er dei 8 som er viste på hovudbiletet i artikkelen og Sommar Red Lager, som er eit nytt sesongøl. Med unnatak av India Pale Ale vil alle desse vera å finna i daglegvareforretningar tidleg i mai. India Pale Ale vil vere å finne på Vinmonopolet frå omlag same tid.
Ein føljer så på med fleir boksøl på Vinmonopolet i juli. Dette er Bryggve, Lindisfarne og antakelig Bæver. I september vert det so eit, for mange, gledeleg gjensyn med Ratatosk Double IPA.

Det vil og kome ein gose, som er eit samarbeidsbrygg med Anchor Brewing i San Francisco og i skrivande stund antek Lewis at denne kjem på flaske fram på hausten. Dette vert då 0,33 flasker, for som han seier:

– Halvliteren har fått sparken.

0,33 blir det dermed for og dei andre øla som framleis vil kome på flaske. Dette er Sour Cherry Rye, Natt, Lynchburg Natt og Barleywine. Utvalet av juleøl er sett på lista for oppussing og vi kan forventa justeringar eller nye variantar. Desse er og planlagde på flaske, men ingenting er skreve i stein. Designet av dei nye flaskeetikettane vil sjølvsagt bli gjort rundt same tema som for boksane.

Når Lewis og dei andre på bryggeriet har fått tappa dei 500 000 boksane dei skal ha klare før midten av mai vil dei rette mykje av merksemda mot eksport. Dei har lenge vore overtydde om at ølet er godt nok til ein solid eksportandel og med det nye designet delar trua bryggeriet har på at det vil bli etablert ein jamn straum av øl frå Flåm ut til resten av verda.

 

Les og: Ægir med 360

 

Spørsmålet om Ægir no kjem til å filtrera ølet har komme opp.
Svaret på dette er at ølet som går i boksane vil vere behandla på same måten som til no. Ægir har sentrifugert frå 2012, men filtrerar ikkje.

Vis 4 kommentarer

  1. Kommer ølet nå til å bli sentrifugert, eller kommer det på boks med sedimenter?

  2. Dette er en interessant utvikling, men jeg håper inderlig at ikke alle går denne veien. Mye hyggeligere med brune flasker på bordet enn bokser … Men jeg ser absolutt mange fordeler ved å bruke boks. Vet dere om ølene som tappes på boks vil bli filtrert? På flaske er det lett å unngå bunnfallet, mens det er vanskeligere å se på boksen, naturlig nok. Og: Skal man drikke på tur rett fra boks er det jo en forutsetning at det ikke er bunnfall. Har Evan sagt noe om det?

  3. Ægir sliter jo ikke med så mye bunnfall? Og siden ølet filtreres og tilsettes fersk gjær er det ikke farlig å få med gjæren ettersom det ikke er så mye bitterstoffer i bunnen som ofte er grunnen til at bunnfallet ikke burde være med.

Det er stengt for kommentarer til denne artikkelen.