Prisdryss for Ægir
Ægir og Nøgne Ø har igjen vore med i Australian International Beer Awards (ABA) og i år drog dei med seg fleire prisar enn nokon gong tidlegare. Frå smakspanelet blei følgande prisar gitt:
- Lærdøl Sour Cherry Rye – Sølv
- Tors Hammer Barleywine – Sølv
- Bøyla Blonde Ale – Bronse
- Lynchburg Natt Barrel-Aged Imperial Porter – Bronse
- Vetlebror Session IPA – Bronse
Her henta Nøgne Ø med seg:
- American Pale Ale – Sølv
- Kriek of Telemark – Sølv
- Vic Secret IPA – Sølv
- Brandenburger – Bronse
I tillegg hadde Ægir levert inn til desgnkonkurransen og plukke her med seg ei heil bukett bronsemedaljar.
- Sommar Red Lager – Bronse
- Dag Sitrus Pale Ale – Bronse
- Bøyla Blonde Ale -Bronse
- Rallar Amber Ale – Bronse
- Vetlebror (Littlebro) Session IPA – Bronse
- Ægir India Pale Ale – Bronse
- Sumbel Porter – Bronse
Vi tek med eit par kommentarar får dommarpanelet:
– Dristige og forlokkande illustrasjonar, gjennomført stil for alle produkt.
– Lokkar blikket mot hylleplassen dramatisk.
Evan Lewis melder at han er svært nøgd med premiane og spesielt dei for design, han fortel vidare at dei tek til å eksportere til Australia i haust.
Som om ikkje det var nok har Ægir og fått Spesialitet-merket fra Matmerk for mjøden sin Heidrun.
Vi bøyer oss i støvet og gratulerar begge bryggeria.
Skriv en kommentar
Skjul kommentarer