Guru, Tappar, Bryggar

Guru, Tappar, Bryggar

Ægir har for tida ute heile tre annonsar på nye stillingar. Evan Lewis fortel at det i det er snakk om nye stillingar, og når det siste nye vi fekk angåande bryggeriet var at dei hadde vunne designpremie i England er det liten tvil om at det skjer spanande ting i Flåm for tida.

Øl-Guru:
Ei stilling de på sett og vis har hatt bruk for ei stund, der typiske arbeidsområdet vil vera presentasjon av Ægirs øl, på messer og smakingar, kundekontak og oppfølging av nettside og sosiale medier. Her er det ikkje krav om flytte til Flåm, eller pendle på dagleg basis, men bryggeriet ynskjer ein person som bur på Vestlandet.

Annonsa ligg her.

Tapperiansvarleg:
Med tappanlegg for både flaske, boks og KeyKegs er det behov for ein som har hovudansvaret her. Dette vil bestå i å opperere og fintune anlegget, reingjere og vedlikehalde anlegget og oppretthalde og forbetre rutinar og kvalitetssikring i forbindelse med tappinga. Tappinga er sjølvsagt tett knytta opp mot, og avhengig av, brygginga. Samarbeid med bryggarane er dermed sentralt.

Annonsa ligg her.

Bryggar:
Oppgåvene her gjer seg i stor grad sjølv. Det handlar rett og slett om å lage øl, men sjølvsagt og å delta i andre oppgåver, som gjærpleie, prøvetaking, tapping og deltaking på ølfestivalar og tilsvarande arrangement.

Annonsa ligg her.

Arbeidsmiljøet i Flåm og kundar er internasjonale og det er difor understreka i annonsene at søkarane må meistra muntleg engelsk.

 

Skriv en kommentar