– Eg er klar for Stranda

Eg har verken fått meg jobb som pizzabakar eller skinkekuttar, men til Stranda skal eg uansett. Sjokkerande nok handlar det om øl denne gongen og.

– Eg er klar for Stranda

I rekka av nye ølfestivalar har det dukka opp ein som tørr litt meir og som fanga mi interesse. Stranda Porter & Stout Festival. Ein festival som konsentrerer seg om det mørke og smakfulle. Eg tenkte tanken på å reise oppover for eiga rekning, men før eg kom til ein konklusjon kom det eit tilbod eg ikkje kunne takka nei til. Dei ville ha meg som konferansier på laurdagen og med i eit av dommarpanela for heimebryggarkonkurransane. Dermed er eg klar for både Stranda og det mørke smakfulle ølet.

Det heile startar torsdag (26/10) med foredrag, heimebryggarkonkurranse og festivalpub. Fredag blir ein travel dag med fleire spanande aktivitetar rundt på Stranda, før det blir damenes aften med Hege Ramseng ved roret. Deretter er det 4 rettars middag. Laurdagen opnar med porterkamp, held fram med ei rekke spanande foredrag og vert avslutta med bankettmiddag, der eg skal vera konferansier.

Foredragshaldarar er mellom anna Espen Smith, Thomas Horne, Collin Eick, Ragnar Eltun og Otto Lundell. I tillegg bør ein ikkje bli overraska om ein treff ein gjeng toppdommarar frå Norbrygg i løpet av helga. Det skal tross alt dømmast rettferdig i heimebryggarkonkurransane.

Detaljar finn de på festivalen si heimeside og Facebookside, men eg vil gjerne nevna at det også dukkar opp et par nye øl ein gong i  helga. Spesielt gler eg meg til eit gjensyn med Kinns Invalidestaut, som eg har tjuvsmakt ved eit tidlegare høve. I tillegg vil eg få tilgang til spanande øl frå små bryggeri eg vanlegvis ikkje finn øl frå. For dei som ikkje er så glad i det heilt mørke vil det sjølvsagt også vera lyse alternativ tilgjengeleg.

Eg gler meg.

 

Desse bryggeria vil vera representert:

Nøgne Ø – Det kompromissløse bryggeri
By the Horns Brewing Company
Mohawk Brewing Company
Grim & Gryt Økobryggeri
Oslo Brewing Company
Tonga Gardsbryggeri
Skifjorden Bryggeri
Austmann Bryggeri
Geiranger bryggeri
Amundsen bryggeri
Randhav Bryggeri
Aass Bryggeri
Kinn Bryggeri
Trollbryggeriet
Baatbryggeriet
Tya bryggeri
Palmer Beer
Still water
Wild Beer
Qvart
Ægir
Beerbliotek,
To Tårn Bryggeri
Amager Bryghus
Gotlands Bryggeriet,
Hansa Borg Bryggeri
Ballast Point Brew Dog
Ousterijsen Brewing Company

Skriv en kommentar