Gammaldags påske frå Kinn

Påske er tradisjon og Kinn har vald å kjøre ein tradisjonell IPA som påskeøl.

Gammaldags påske frå Kinn

Kinn har bede oss informera våre lesarar om at deira påskeøl i år kjem på Tillegsutvalet (TU) på Vinmonopolet, mot tidlegare på Bestillingsutvalet. Det du vil merke av dette er at ølet, ved vanleg TU distriubusjon, ikkje vil vere tilgjengeleg i nettbutikken. Om du vil ha tak i det må du finne fram til ein butikk som har ølet inne. Dette kan du sjølvsagt finne ut ved hjelp av Vinmonopolet sine nettsider eller app.

Årets påskøl frå Kinn er Espen Lothe si tolkning av korleis India Pale Ale opprinneleg smakte, men samstundes er det teke eit steg inn i ei meir moderande tid. Dette er gjort ved å velje Jester som humle i kompaniskap med den svært tradisjonelle East Kent Goldings. Gjerne korta til EKG når den vert nemnd av bryggarar.

Ut frå det Kinn skriv skal ølet ha smak av appelsin, sitron, brød, karamell og marsipan.

Ølet vert gjort tilgjengelieg på polet i desse dagar. Det har en ABV på 6,5%.

Skriv en kommentar