Nytt bryggverk på Vesle Kinn

Nytt bryggverk på Vesle Kinn

Espen Lothe og bryggverket. Den kvite "klossen" er steam-maskina og til høgre ser de tappeanlegget.

Sjølv om Kinn gjer det meste på gamlemåten har dei eit stort og flott brygghus like utanfor Florø sentrum, der det meste av ølet vert brygga. Samstunde driv dei utestaden Vesle Kinn i bygget i Strandgata der det heile starta. Her har dei ei stund hatt eit mindre bryggverk, som vert bruka til mind batchar og då fyrst og fremst Rekved-serien.

Espen Lothe har ingen planar om å avslutte brygginga i Strandgata og har derfor investert i eit bryggverk av den staselege sorten, men både koppar og messing. Heilt nytt er rett nok ikkje. Det er kjøpt brukt frå Tanker i Estland. Eit bryggeri i Royal Unibrew systemet.

Espen Lothe og bryggverket. Den kvite «klossen» på golvet er steam-maskina og til høgre ser de tappeanlegget.

Bryggverket er på 800 liter med kokekar og kombinert meske og silkar. Oppsettet har fått eit par tilpassingar under installasjonen på bakrommet på Vesle Kinn. Mellom anna er røreverket teke ut, slik at det vesle som blir gjort av røring no skjer manuelt og det direkte varmeelementet er erstatta med damp (steam). Det vert kun tilført varme i kokekaret (kjelen).

Etter mesking vert vørteren pumpa til kokekaret. Etter koking kan den so pumpas attende til silkaret, der ein gjerne humlar med blomst, gjennom ei kort resirkulering. Dette oppsettet gjer at ein – i teorien – kan humla med eit blomstervolum like stort som volumet til vørteren. Dette vil nok neppe blitt gjort, men Espen er svært nøgd med at det han brukar av humleblom og fungerar som sil og at han dermed får ut ein svært rein vørter.

Ope kar 2.0. Det fyrste vart seld då Kinn flytta produksjonen til Bjørndalvegen og nytt måtte byggjast då dei starta opp att i Strandgata.

I tillegg til dette har Vesle Kinn to lukka gjæringskar og eit ope (heimelaga 2.0) og fire lagrings/karbonerings/klarings-tankar, og to tappeanlegg (eit dedikert til surøl).

Skriv en kommentar