Endringar frå Kinn
Vi som føl litt med på det som skjer på norske bryggeri veit at det stadig er utskiftingar i utvalet. Noko kjem til fordi det er «in» eller fordi bryggaren har komme opp men noe nytt og spanende. Dette betyr samstundes at noko må ut av sortimentet. «Kill your darlings» som det heiter på utanlandsk.
Kinn er no inne i ein slik prosess.
Eg har høyrd at enkelte har sakna «Bresjnev». Etter Putin sin invasjon i Ukraina skifta denne namn til «Nansen», etter mannen som fekk ordna pass for flyktingar. No er også denne ute av utvalet og du må vere om det og finne rett polutsal om du vil sikre deg ei av dei siste flaskene. Den som kjem inn i staden er «Blåmyra». Dette er ein engelsk staut på 6,0%. Namnet er gitt etter ein poetisk omtale av Atlanterhavet.
Til jul kjem det to nye på Vinmonopolet.
«Polarnatt», ein røyk porter på 6,0% og «Julelys», ein wit på 5,5%. I veke 8 kjem det to nye i daglegvareutvalet. «Helgen», ein «IPA» og «Dreng», ein belgisk blond.
I dagligvare går «Munken», som og er ein belgisk blond, ut.
Det same gjer «Havblikk» (Gose) og «Rosa Kinn».
«Rosa» kjem attende, men no på 0,44 liter boks. Dette skjer inn mot sumaren (veke 18).Før den tid kjem «Kinn Pils» (4,5%) på boks.
De same gjer den gamle travaren «Pilgrim» (Pale Ale 4,5%).
«Humleriket», «Landkjenning» og «Vidda» forsvinn diverre frå butikkhyllene, men du skal ikkje sjå bort frå at ein eller fleire av dei kjem attende i små batchar på fat. Då fyrst og fremst på Vesle Kinn, men og hjå pubar bryggeriet samarbeidar godt med.
Hovedtrekket er at 0,75 overlever ei stund til, medan 0,33 flasker forsvinn og dei øla som overlever kjem attende på boks.
Skriv en kommentar
Skjul kommentarer