Dagens juleøl: Kinn Nordpolen Mørketid

Dagens juleøl: Kinn Nordpolen Mørketid

Ølportalen fortsetter å dele skribentenes favoritter blant juleølene. Idag er Sammy klar med en unik øl fra Kinn Bryggeri.

Som eg nemnde i omtalen av Nøgne Ø, Hvit Jul meiner eg det er heilt glimrande at det og fins julaøl som ikkje er søtt som marsipan og nougat. Nordpolen Mørketid er verkeleg ei slik øl, men samstundes har den rikeleg med smak.

Det er heller ikkje tilfeldig at denne kjem så tidleg i denne serien. Ettersom dette (dessverre) er både ein «one off» og eit øl det ikkje er bryggja veldig mykje av, kan det fort vera utseld før folk flest har komme seg på polet for å handle til jul.

Inspirasjonen til dette ølet, eller «denne øla» som Espen Lothe sjølv ville sagt, er henta frå sjølvaste hovudstaden. Der held Nordpolen Musikklubb til, ein gjeng som også gjev ut plater. Ei plate i året. Kun juleplater og visstnok berre 300 eksemplar kvart år. Dette syntes gamle lærar Lohte var sopass spesielt at det fortente eit eige øl. Dette årets plate frå musikklubben er allereie ute og skal vera tilgjengeleg på Big Dipper (Oslo), men om dei ikkje får nokre eksemplar over fjellet til Apollon Platebar (Bergen), slik at eg kan nyte ølet og musikken saman må eg nok vurdere å slette denne posten.

Nordpolen Mørketid er og ein av dei fyrste øla som har blitt bryggja på det nye bryggverket på Vesle Kinn i Strandgata i Florø, der Kinn-eventyret tok av. Her kosar Espen seg med å bryggja mindre batchar og litt meir eksperimentelle saker.

DRY STOUT: 7,0%, 0,33 l, Kr 60,- på Vinmonopolet

Farge: Svart som ei vinternatt på Nordpolen, med sparsomt latte-farga skum.
Aroma: Halvvarm kaffi, mørk sjokolade, rugbrødskorpe og lær.
Smak: Kaffi, sjokolade og lær, mot ein solid maltbakgrunn. Ettersmaken er tørr og fin og tilfører eit hint av lakris.
Passar til: Dei beste juleplatene og til å jaga vekk julebluesen. (Dette står på flaska og eg vågar ikkje protestere på det.)

Mørketida på Nordpolen, den oppe på «toppen» av planeten, er for øvrig frå 25. september til 18. mars.

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke vises