Øl til julemat med Espen Lothe fra Kinn Bryggeri
Det har blitt en slags tradisjon her i Ølportalen at vi tar på oss ansvaret for å guide deg til å gjøre riktige ølvalg til julematen. Ølfolk med stor interesse og kunnskap om øl har delt raust av sine tips, og sånn gjør vi det i år også. Denne gangen går vi rett til kilden, og har spurt et knippe ølbryggere hva de helst vil drikke til julematen. Tvisten er at de ikke kan velge sine egne øl..
Denne gangen er det Espen Lothe, grunnlegger og bryggerimest på Kinn Bryggeri i Florø.
«For meg er øl til julemat ei stor greie og julemenyen blir bygd opp rundt øl. Mest Kinn-øl naturlegvis, men eg har ingen problem med å finne andre gode alternativ. Her er nokre av mine favorittar:
Pinnekjøt: Eg veit at mange likar vestkyst-ipa til pinnekjøt, men eg har alltid gått for maltsmak føre humle. Har alltid likt Nissemor frå Haandbryggeriet godt. Ikkje for fancy, berre veldig godt år etter år.
Lutefisk: Her ville eg tatt ei flaske Glazen Toren Saison de Erpe Mere. Lett og frisk, høgt karbonert men likevel nok karakter til å takle baconfett og gule erter.
Kalkun: Kalkunen er lys og lett. Tysk hefeweizen er generelt veldig gode matøl og Franziskaner eller Scheider har ein del klassiske gjæringssmakar utan å gå heilt bananas.
Griseribbe: Seven Sorter frå Sju Fjell er alltid godt balansert og ikkje for heftig, den passar fint til mi griseribbe.
Som kjent har eg og Ann-Magritt også ein fot ved Varangerfjorden i Aust-Finnmark. Når sola snur 21.12 har vi alltid har blåmyglost og peparkake og då ville eg sendt ein tanke til dei som verkeleg har snø og mørketid og opna ei flaske Juleqvad frå Qvænbrygg i Vadsø.
Når roen har senka seg på julekvelden vil eg gjerne ha ein god stout i glaset. Ikkje sånn superheftig 15-16 prosents greie, men ein god, intens og litt sterk ein. I år ville eg nok tatt Bådin sin Julestout på 9,3%. Og kjem det ei skål med moltekrem på bordet prøvar eg gjerne det til.
Skal eg fylle på med eit generelt julekaker-og-nøtter-og-fiken-øl må det bli Tynt Meadow frå Mount Saint Bernard Abbey . Dette relativt ferske engelske trappistbryggeriet lagar eit herleg mørkt øl som ligg smaksmessig mellom eit mørkt belgisk klosterøl og ein engelsk winter warmer. Akkurat det eg ynskjer meg på ein romjulskveld framføre peisen.»
Skriv en kommentar
Skjul kommentarer